Vedtekter


§1 Foreininga sitt namn:

Rødstrupene – sosialistisk kor

§2 Foreininga sitt formål:

Fremja sosialistiske verdiar og bidra til samfunsdebatten gjennom framføring av song

§3 Organisasjonsform:

Foreininga er ein frittståande juridisk person med medlemer og er sjølveigande

§4 Medlemer:

Einkvar som likar å synga saman med andre og kjenner seg heime i foreininga sitt formål kan vera medlem

§5 Rettar og pliktar for medlemer:

Alle medlemer har rett til å delta på Årsmøte, har stemmerett og er valbare til tillitsverv.

Medlemene pliktar å halda seg til vedtak fatta av Årsmøtet som og fastset medlemskontingent

§6 Årsmøte:

Årsmøte vert helde ila fyrste kvartal kvart år og er foreininga sitt høgaste organ. Årsmøtet er vedtaksført med det antal frammøtte medlemer med stemmerett og alle medlemer har ei røyst. Møteleiar veljast av Årsmøtet.

Vedtak gjerast med ålment fleirtal av gjevne røyster.

Årsmøte innkallast av Styret med minst ein månads varsle direkte til medlemene. Forslag som skal handsamast på Årsmøtet skal vera sndt til styret seinast to veker før Årsmøtet. Fullstendig saksliste skal gjerast tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før Årsmøtet.

Årsmøtet kan ikkje handsama forslag som ikkje er oppført på sakslista, med mindre ¾ av dei frammøtte krev det

§7 Årsmøtet sine oppgåver:

Årsmøtet skal

  • Handsama årsdmelding
  • Handsama rekneskap for føregåande år
  • Handsama innkomne forslag
  • Fastsetja/endra vedtekter
  • Fastsetja kontingent
  • Vedta budsjett, inklusiv fastsetja løn til dirigent
  • Velja
    • Leiar og nestleiar
    • Styremedlemer
    • Varamedlemer
    • Revisor

§8 Ekstraordinære Årsmøter:

Ekstraordinært Årsmøte vert helde når Styret avgjer det, eller minst 1/3 av medlemene krev det

Innkalling skjer som for ordinære Årsmøter, men med minst 14 dagars varsle

Ekstraordinært Årsmøte kan berre handsama og ta avgjerder i dei sakene som er kunngjort i innkallinga

§9 Styret:

Eit interrimstyre skal fungera frå stiftingsdato til fyrste Årsmøte. Storleik og samansetning av interrimstyre vert fastsett av dei frammøtte på stiftingsmøte

Foreininga sitt styre skal, etter fyrste avheldne Årsmøte, ha 4 medlemer pluss minimum eit varamedlem. Styret er høgaste organ mellom Årsmøtene og skal halda møte når styreleiar eller eit fleirtal av styremedlemene krev det.

Styret skal

  • Iverksetja årsmøtevedtak
  • Utnemna komitéar, utval eller personar med særskilde oppgåver
  • Administrera og ha kontroll med foreininga sin økonomi

Styret kan fatta vedtak når eit fleirtal av styret sine medlemer er tilstades. Vedtak vert gjort med ålment fleirtal

§10 Signaturrett:

Leiar og nestleiar har signaturrett

§11 Vedtektsendring:

Endring av desse vedtekter kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært Årsmøte og det krevjast 2/3 fleirtal av dei gjevne røystene

§12 Oppløysing:

Oppløysing av foreininga kan berre handsamast på Årsmøte og det krevjast 2/3 fleirtal.

Foreininga si formue skal etter oppløysing tilfalla det formål foreininga arbeidar for å fremja ved at nettoformuen vert gjeve til ein ideell organisasjon avgjort av Årsmøtet.

Ingen medlemer har krav på foreininga si formue eller deler av denne.